Mine områder
Hjelp

Timmy Timeplanlegger er her!

av Berit-Helen Søgnen

I februar la vi ut ein artikkel her under Nyheter der vi skreiv litt om kva vi i VFT teamet jobba med, og kva ein kunne forvente av ny funksjonalitet framfor planlegging av nytt skuleår. 

Det er med glede og forventning vi no kan formidle at Timmy Timeplanlegger er her. Timmy er ein timeplanleggar som brukar kunstig intelligens for å lage eit forslag til timeplan, og som masse-utlegger timar til kalendar. Grunnlagsdata for Timmy kjem frå timefordeling. 

Går ein via timefordeling til timeplanutkast, vil ein finne Timmy (robot-symbol) som eiga fane. Denne aller første lanseringa av Timmy er ein beta-versjon. Vi treng meir erfaring med bruken, og på bakgrunn av dette vil den vere gjenstand for vidareutvikling.

Er du nysgjerrig på å bli kjend med Timmy, så prøv deg gjerne først fram med å legge data for eit avgrensa tal av grupper i timefordeling, og så generere eit utkast. Temahefte finn du her, samt under ? i løsninga . Om du ikkje har brukt timefordeling før, så finn du temahefte her.

Vi vil her på Community fortløpande legge ut oppdaterte videoar som støtte til bruk av både timefordeling og Timmy.

 

Øvrige endringar og utvidingar:

Timefordeling: 

  • Endringar i design
  • Timar kan periodiserast (i blokk)

Årstimar - i bruk ved legging av timeplan:

  • Endringar i design
  • Fagboksane viser gjenståande timar av totale årstimar for faget.
  • Fagboksane kan lukkast og opnast av deg som brukar uavhengig av gjenståande timar