Eg er tilsett i eige aksjeselskap, og har ikkje interesse av å betala ut til meg sjølv meir enn dei trekkfrie satsane. Er mykje i utlandet og leiger hus for opphaldet. Det ser jo nesten ut til at eg hadde hatt meir igjen for å bu på hotell. No endar eg opp med 88 kroner pr. dag i diett, i staden for over tusen. Skatteetaten viser til pkt. 3.2.7. i sjølvmeldinga (for 2017). Der ser det ut til at ein kan føra opp eit frådrag på 205 kroner pr. dag. Gjeld dette sjølv om ein får utbetalt 88 kroner pr. dag frå arbeidgjevar?
... View more