Nettbankane blir stadig mindre funksjonelle. No sist opplevde vi at Sparebank1 fjerna støtta for Java, noko som gjer at ordinær filoverføring er uaktuell og Autopay framstår som det einaste alternativet. Det er svært uheldig at vi må oppretthalde nettbank-tilgangen berre for å betale skattetrekk og arbeidsgivaravgift. Dette medfører unødvendige tilkoplingsgebyr og månadsavgifter. Og i tillegg må vi forholde oss til fleire måtar å betale på, noko som er ugunstig i seg sjølv. Så sjølv om dette kan framstå som ein bagatell, så er det verkeleg ikkje det. Derfor håper vi på at Visma kan framskunde lanseringa av all betaling via Autopay, herunder skattetrekk og arbeidsgivaravgift.
... View more