Hei, og takk for svar.
Beløpet går inn på mitt foretak sin konto før det går vidare. Ifølge lignings-ABC under Realisasjonsbegrepet punkt 3.9.2 står det at vederlaget er å rekne som symbolsk når det vanlegvis er 5% eller mindre. Det kjem an på gåvebeløpet sin storleik, men pr i dag er storleiken på gåvene eg formidler ikkje å forstå som store (Førebels som sagt 5-sifra).
Spørsmålet mitt vidare til deg blir då om eg er pliktig å sette opp mva-faktura også o eg kun reknar eit symbolsk vederlag? Transaksjonskostnader og bokføring vil vere på 3-4%. Med 5% fråtrekk frå gåve som blir sendt vidare har eg ein margin. Men vil det beløpet eg sit at med etter at faktiske utgifter/transaksjonskostnader/bokføring er trukke frå dei 5% eg ikkje sender vidare, vere grunnlag for mva-fakturering?
Ser fram til nok eit hjelpande svar.
Mvh Jostein Bildøy
... View more