Då må eg sei eg er meir usikker, dette har våre løysinga i dei fleste tilfeller der ein får melding om at Systemvedlikehold er i bruk/utilgjengeleg. Dersom du har HL Lønn hos ASP leverandør, er det vel nokre miljø som er satt opp slik at Systemvedlikehold er deaktivert, men dersom du har ein lokal installasjon og/eller har kunne tatt backup med Systemvedlikehold før, skulle ikkje det vere tilfellet her. Har du tilgang til SQL Server som lagrer data for HL Lønn? Då kan du i alle fall få tatt ein kopi av klientdatabasen via SQL Managment Studio. Dersom du har tilgang til SQL kan du og i Management Studio sjekke om det er nokre linjer i tabellen 'LockedOperations' som du finn i databasen HLonn, når alle er ute av HL Lønn. Dersom det er det kan du forsøke å slette dei og sjå om det gjer nokon forskjell.
... View more