Hei,
Case:
Om ein skal leggje til ein faktura som skal krediterast, og ein har logistikk, så kan ein opprette ein CM-ordre. Når ein gjer det i dag så blir linjene i CM-ordra lagt inn alfabetisk basert på varenr., som er bra nok i dei fleste tilfeller. Men nokre kundar har ein del informasjon på fakturaen som er laga som tekstlinjer (tekst som ikkje-lagerført vare der ein endrar på transaksjonsbeskrivelsen etter behov) for å gjere det meir tydeleg for kunden kva det dei betaler for gjelder, og dette er informasjon dei vil ha med vidare i kreditnotaen.
I dag:
Om ein legg det til i dag på vanleg måte så blir kreditnotaen veldig rotete fordi tekstlinjene blir samla etter kvarandre, og utan den transaksjonsbeskrivelsen som var på dei. For å få det rett i dag må ein leggje til ei og ei linje på CM-ordra frå fakturaen, men det er veldig knotete, og beskrivelsen på teksten blir uansett aldri med og må skrivast på nytt.
Løysingsforslag:
Hadde det vore mogleg å endre sorteringa på fakturalinjene i den dialogen der ein legg til fakturaen i CM-ordra til å vere basert på linjenummer på fakturaen, og ikkje alfabetisk på varenummer så hadde det hjulpe mykje på. I tillegg om ein kunne fått med den transaksjonsbeskrivelsen som er på fakturaen slik ein slapp å skrive dei inn på nytt, så hadde det vore perfekt.
Håper fleire syns dette er verdt å ordne opp i 🙂
... View more