Hei 🙂 Du kan starte å sjekke om det allereie ligger ein betaling på fakturaen inne på fana "Betalingshistorikk" når du står inne i fakturaen. Om det ligger ein betaling der kan det tyde på at man har prøvd å remittere den, men at den feila. Då gjelder det å prøve å finne den igjen i skjermen Samlebetalinger. Eit hjelpemiddel for å finne rett samlebetaling den tilhøyrer er å sjå på dei som er blanke i feltet "Tidspunkt for fileksport" som du kan hente fram i oversikta. Når du finner rett samlebetaling kan du trykkje på "Send betalinger". Der vil du nok anten få sendt den eller få ei feilmelding som forklarer kvifor den feila. Om det ikkje ligger noko i "Betalingshistorikk" på fakturaen så kan du sjekke om det er lagt inn rett betalingsmetode inne på fana "Regnskapsdetaljer". Betalingsmetode 4 er typisk for manuelle føringar av betaling, så om den ligger på fakturaen bør den bli endra på til den metoden som passer for fakturaen. Så vil den bli tilgjengeleg for remittering. Håper dette var til hjelp 🙂 Mvh Beata
... View more